søndag 29. november 2015

Rullfalleri

No er jula rett rundt hjørnet, og eg er som alltid evig optimistisk på mine eigne vegne med omsyn til juleførebuingane.  I år startar eg tidleg med rullen ( eller rulljen som eg likar å seie).
Eg har kjøpt meg nokre schwungar hos Joker på Flatraket, og då var det jo berre å setje i gang. Dette er lammerullar, så dei er litt små. Eg skøyta i hop to stykker, noko som resulterte i litt lapperull, men det er jo sjarmerande, ikkje sant?

Oppskrifta har eg fått låne av ho mor. Det er visst ei gammal,velbrukt ei.
Krydderblandinga eg bruker er omtrent slik ( til 1 1/2 kg kjøtt og 1 slagside).
3 ts salt
1 ts sukker
1 ts pepar
1 ts ingefær
1 ss hakka løk
2 plater gelantin ( då eg var lita lurte eg alltid på kva gelantinen vart brukt til. Det fann eg ut då Trude, som alltid har vore ein kløppar på kjøkkenet, skulle vise meg korleis vi skulle lage kokosbollar. Det resulterte i det som eg hugsar som verdas største kokosbolle. Og i tillegg smakte den heilt fantastisk).



Takk til Trude som stilte opp som stativ :) 


 



Eg startar med gelantin og krydder og legg kjøtt lagvis.  Når dette er gjort syr eg kjapt saman, før eg "påtar" rulljen i flaska som er i kledd ei strømpe ( og dette høyres nok veldig rart ut for dei som ikkje veit kva eg snakkar om).

 No skal rullen ligge litt  på kjøkkenbenken slik at han saftar seg ( ho mor sitt uttrykk), før eg legg den i kjøleskåpet.  Deretter frys eg den, før eg tek den opp for å koke den ca to dagar før eg skal bruke den. Dersom eg hugsar det, kan eg legge ut eit "etter bilete" når den er kokt og lagt i press.

Tenk om eg i år kunne greidd å lage eit innlegg frå Ta Kaka kvar veke. Det hadde vore noko det. Det betyr jo strengt tatt at eg må lage kaker og. Men, det er jo ikkje det verste ein kan gjere no rett før jul :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar