mandag 30. mars 2020

Det er so underleg.

Det er so underleg no om dagen.
Vi er på stader der vi ikkje skal vere. Vi er heime. Jobbar heimafrå. Elevar går på skule heimafrå. Folk som skulle ha vore på jobb er heime fordi arbeidsplassen deira er tvungen til å stenge, eller begrense antal folk. Alt for å ikkje spre smitte. Folk er ikkje heime fordi dei kan, men fordi dei må. Kattar og hundar lurer på kvifor eigaren har okkupert huset deira i denne perioden, og hunden håpar eigaren  no forstår kvifor han tygg på møblane når han er aleine heime heile dagen
(dette er teken ut av ulike meme og ikkje søje ta eige bryst).
Ha litt omsut for dei som sit einsame rundt om. Ta ein telefon, spør om du kan hjelpe til med noko. Berre å vite at nokon er der om det skulle vere noko, kan lette på den litt gufne kjensla mange nok sit med no. Å gjennomføre ei telefonsamtale kan ta fem minutt og vere ein liten sak for den som ringer, men for den som tek i mot samtalen og kanskje får ei stemme gjennom lufta, kanskje den einaste levande stemma ein har høyrt på nokre dagar, so kan det bety all verden. Berre gjer det!
Lærarar sit heime og underviser elevane sine, elevar som kanskje ikkje har dei beste heimeforholda. Korleis skal ein på best mogleg måte  hjelpe dei på denne måten?
Folk er  kalla ut til å hjelpe til som helsearbeidarar, folk med helsefagleg bakgrunn. Dei og er på stader dei eigentleg ikkje skal vere.
Nokre er akkurat der dei skal vere: Alle som jobbar med å hjelpe alle andre. Her kunne eg ha nevnt mange yrkesgrupper, men vi ser no at alle er avhengig av kvarandre. Som ein veldig klok kar sa(SEJ, du veit kven du er om du les det): Vi er alle viktige, men vi er viktige på ulike tidspunkt. Akkurat no er det dei som steller med sjuke, driv smittevern, jobbar i butikken, køyrer ut varer, tømmer avfall, reinhaldarar, vaskeriansatte m.fl som er dei mest synlege.

Det er so underleg.
Det er underleg å sjå bilete frå Italia, Spania, USA og Storbritannia.  Pulserande byar som Oslo, New York, Paris og London går so vidt rundt. Det er so vidt det står til liv. Kyrkjene fyllest med døde mennesker, alle dei døde vert berre tal i statistikken. Ein del av dagens tal. Ein gløymer litt at dette er nokon si bestemor og bestefar, tante, onkel, kjæraste og ven, ektemann og hustru, son og dotter. Dette er ekte mennesker.  Ekte mennesker med levd liv bak seg og mange hadde eit lang framtid foran seg.
Det er underleg å vere del av ei verd der alt står på vent. Det er som heile verda er ei øy, og ferja er innstilt. Vi er på mange måtar overlatt til oss sjølve. Vi er avhengig av at naboen, medmenneska våre, tek ansvar, held seg heime, vaskar seg på henda og held avstand.


Det er underleg kor vand ein vert med ting slik dei har vore før. For mange år sidan las eg eit invervju med Liv Ullmann. Ho hadde besøkt ein fattig landsby, eg trur det var i eit land i Afrika ein stad. Ho sa til seg sjølv at ho ikkje skulle vere so snar med å klage over ting. Då ho kom på flyet på veg heimatt, tok ho seg sjølv i å klage over at kaffien var for kald.
Vi mennesker er nok slik. Vi gløymer so lett. Difor: Når alt dette er over, når alt er tilbake til normalen, kan du då minne meg på alt eg saknar?  Når livet kjem tilbake til sin vante gang, og eg tek til å bli lei av maset i kvardagen, kan du då minne meg på det?
Når eg vert lei av køen på butikken, når eg tek meg i å bli irritert på arbeidskameratane mine, familiemedlemmer,medøybuarane mine, når elevane bråkar i klasserommet, når eg må vente på maten på restauranten, når frisøren seier "ops" når ho klipper meg, når eg vert freista til å kjøpe på internett i stadenfor å ta den ekstra turen til butikken, når jentene vil ha fest heime hos oss, når eg vaknar av alarmen klokka 05.45 og heller vil vere heim, men må reise på jobb. Kan du minne meg på at det er dette som er det eigentlege livet, livet vi er vande med.
Det er underleg at eg skal sitje og sakna å vere impulsiv, eg som stort sett berre er impulsiv når eg får tenkt meg om nokre dagar. Kan du minne meg på gleda over å vere impulsiv, at det ikkje er sjølvsagt? 
Det er so underleg, men samstundes so fint kor tilpasningsdyktige vi er og måten vi syner omsut for folk. Ja, det finst egoistar alle stader, men stort sett er folk fine. Stort sett. Det gjev meg håp, også for tida etterpå. Kanskje vi vert eit rausare samfunn. Kanskje vi greier å tenke litt framover, tenkje at vi må ha mat og ulike hjelpemiddel tilgjengeleg. Kanskje vi endrar reisevaner. Kanskje vi ser andre løysingar.
Det er so underleg korleis verda held pusten medan viruset herjar. Eg ser fram i mot å klemme, sjølv om eg ikkje er ein klemmar. Eg kjem til å klemme folk, herifrå til Hønefoss. De er herved advart. Men de må minne meg på det. Det er litt underleg.

lørdag 9. februar 2019

Marmorkake dedikert til Vidunderfull



Denne oppskrifta er dedikert til dei som kanskje ikkje alltid fiksar å lage kake, men som er god til andre ting.  Eg tenkjer då fyrst og fremst på fine Ingrid O. Volden.  Ho seier sjølv ho ikkje er so god til å lage kake, men heldigvis for oss andre, så er ho jævelsk god til å skrive gode bøker.
Du kan sjekke ut bøkene her : https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Ingrid-Ovedie_Volden

Til alle dei med OCD; sorry for at kaka ikkje ligg på midten. Eg skal innrømme at det irriterar meg og.






















Eg skal ikkje seie at den er so enkel at sjølv mor kan klare det, men den er ikkje so langt i frå. Oppskrifta er sjølvsagt teken ut av Takaka-boka.

Vidunderfulls Marmorkake:
300 gram smør ( eg var heilt kreise, tok 304 gram)
300 gram sukker
3 ts vaniljesukker
4 store egg
350 gram kveitemjøl (heilt kreisei her og) 
3 ts bakepulver
1 1/2 dl kaffifløyte ( eg er ingen storforbrukar av kaffifløyte, hallo, eg er ikkje 80 år heller.  Istadenfor den herlege kaffifløyta, brukte eg lettmelk. Det funka fett)
3 ss kakao.

175 grader på nederste rille i 50-60 minutt.

1. Rør smør og sukker og vaniljesukker kvitt og rør inn eit egg om gongen.

Bakerebellbevis 1. 4 gram over det som skal vere i oppskrifta. 





2. Bland mjøl og bakepulver og rør det inn i smørkremen vekselvis med fløyta/melka
Bakerebellbevis nummer 2 














3. Ta av 1/3 av røra og bland kakaoen i den.



4.  Legg lys og mørk røre lagvis i godt smurt form. Her kan du enten bruke 2 brødformer som er 1 1/2 liter eller ei randform. ( Ei randform er ei rund form med ein tut i midten. Det er ei slik form som eg aldri skjønte vitsen med då eg var lita)

Den lyse røra skal vere på botnen og toppen. Eller gjer som eg; legg litt hulter til bulter.

5. Tilslutt så trekk du ein gaffel gjennom røra slik at den får marmormønsteret.

6. Steik kaka på nederste rille  i omnen til kaka er gjennomsteikt. Steiketida kan variere, så er du litt smart, sjekkar du om kaka er steikt litt før steiketida er slutt.



Og dett var dett. God kake. God bok!

søndag 28. januar 2018

Sånn over snittet godt brød.....

I dag skulle eg skrive nokre velvalde ord, tenkte eg. Men orda kom ikkje.
So no sit eg her og lurer på om eg rett og slett skal gje dokker oppskrift på verdas beste brød.  Heilt objektivt.
Eller, det er i grunnen ei basisoppskrift, og så kan ein jo putte i det ein vil.
No skal det seiast at eg eigentleg ikkje brukar oppskrift, så eg tek litt av ditt og litt av datt. Eg har forsøkt å måle det sånn nokonlunde. Oppskrifta er litt "for Dummies", men det står vi i. Ikkje sant?

1,2 l lunka vatn
50 gram gjær
ca 1/2 dl soyaolje
1 ts salt
ca 500 gram grovkveite
ca 500 gram - 1 kg kveitemjøl ( her må ein berre prøve seg fram til deiga vert fast og slepp bakebollen. Ikkje ta i for mykje i starten)


Varm opp vatnet til omlag 37 grader. Løys opp gjæra i vatnet i lag med olje og salt.
Ha i  grovkveita. Elt godt. Eg brukar kjøkkenmaskin, men dette er og godt muskelarbeid.

Når eg brukar kjøkkenmaskin, så vel eg å bruke K-kroken fyrst, slik at alt vert blanda i hop. Eltekroken tek eg på til slutt.




Set til kveitemjølet litt etter litt til deiga har ein glatt og fin konsistens som slepp bakebollen.
Hev  i 30 minutt.






Del i to emner og legg brøda i godt smurte former ( 2 liter)
Hev i 15 minutt
Steik på nederste rille i omlag 40 minutt ved 210 grader.







La brøda kvile før du skjere i dei (lett å la seg friste til å smake på blodferske brød, men då risikerer ein å skvise heile brødet- been there, done that)

Fint om nokre av prøvekaninene kan gje meg tilbakemelding om oppskrifta er heilt på bærtur.






søndag 15. oktober 2017

Kringlevrider Bollesen

Besta var heilt dronning til å lage kringler.  Då snakkar eg om kringler som inneholdt mykje godt, og gudane veit kva ho putta opp i.  Fløyte, rømme, egg, you name it.  Eg trur trangen til å putte alskens godsaker kom av dei trange tidene som var over, og at ein kunne faktisk tillate seg å bruke dei gode meieriprodukta i kvardagsmat og ikkje berre til fest. Eg mistenkjer i alle fall at svelene hennar var så gode,  nettopp på grunn av den høge andelen av sukkerr, fløyte og rømme. 

Når det gjeld kringleoppskrifta, så slit eg litt. Eg tykkjer eg høyrer ho: so tek du ein dæsj med det, ein god klatt med smør og ei hand med det, så det du ein slump vatn og to nevar med mjøl. Det er veldig vanskeleg å bake noko ut i frå desse kriteria. Nokon har fått tak i oppskrifta, men eg har ikkje fått meg til å skrive den ned.  Difor prøvde eg meg på ei oppskrift som står i Ta kaka, og etter å ha konferert med ei dreva bakstekjerring, så kom vi fram til at det nok var same oppskrifta. Dette var jo i grunnen veldig bra, for utgangspunktet for denne bloggen var jo nettopp å lage alle oppskriftene i Ta kaka.







Her kjem den:
Smørkringler
300 gram smør ( bør vere romtemperert) (( ikkje rompetemperert som minime føreslo ein gong))
50 gram gjær
3 dl vatn
800 gram mjøl
litt salt
Steikast ved 230 grader i om lag 10 minutt

1. Ha i mjølet og saltet i ein bolle, smuldre alt smøret i mjølet
2. Løys gjæren opp i vatnet og elt alt saman til ein deig
3. Lag kringle  og set dei på eit brett
4. Hev litt
5. Steik kringlene
(6. Og her føyer eg til noko som er veldig viktig for det ekte kringlesmaken: smør kringlene med smør med ein gong dei er tekne ut av omnen- står ikkje i Ta kaka)
Om eg skal seie det sjølv så smakte dei ikkje so hakkande gale, og ikkje heilt ulikt Besta sine.
Serverast med kvitost, brunost, sukker eller berre med smør.
Heilt på topp. 






fredag 7. juli 2017

Ein liten festivalguide

Eg er ein dreven festivalgjengar. Eg har aldri vore på Roskilde, ei heller Quart. Men eg har vore på Titanofestivalen (trekkspelfestival), og det er nok mykje det same ;)

No står snart verdas beste festival, Malakoff,  for døra, og vi er spenn klar. Små som store.
 Ungane skal vere med( ungar, tja, 13 og 15 år. Dei er vel heller for ungdomar å rekne) Uansett, eg vil dele nokre tips i høve det å ha med seg ungar/ungdomar  på festival.  For festival er kult, og det skal vere kult både for vaksen og ungar.

1. Dropp alkoholen. Ungane skal vere trygge på at om noko skjer, er det alltid nokon som kan ta seg av dei. Er du på festival aleine-køyr på.  Har du ansvar for ungar-vis måtehald.

2. Begrens merchandise. Bli enige på førehand kva de skal kjøpe eller kor mykje pengar de skal bruke på stæsj.  Dei fleste band i tillegg til festivalen sjølv, har mykje styr ein kan kjøpe. Det er alltids kjekt med eit minne, men å svi av fleire tusen på merch er eit dårleg eit.

3. Skal du på ein festival med eit "barnetrekkplaster" og resten av banda er uinteressante for ungane, så spel musikken for ungane, enten dei likar det eller ei.  Festival er ei heilhetsoppleving av alle banda, ikkje berre Marcus og Martinius i tjue minutt.  Køyr på med Biffy Clyro, Carpe, Åge Aleksandersen,Daniel Norgren og Dagny i bilen. Snikfestivaliser ungane.  Funkar fett :)

4. Ta med øyrepropper eller hørselsvern, og lær ungane til å bruke dei. Øyreproppene kan og brukast til noko anna.  Ellen og eg var på festivaldoen på Malakoff, og det var nok ei litt spesiell lukt der inne, for rett som det var tok Ellen proppene ut av øyra og stakk dei opp i nasa: "Er ein på festival, så er ein på festival" sa ho og gjekk på do.

5. Lær ungane at det er lov å danse og digge til musikken. Det kjedelegaste eg veit på konsert, er folk som står pinnestiv opp og ned og berre ser fram mot scena.  Musikk er formidling og kommunikasjon. No kan det hende at ungane vert griseflaue når du dansar og diggar, men det får ein stå i. Eg var med foreldra mine på trekkspelfestival, og det var sjeldan nokon som holdt taktfoten i ro når det vart spelt Carl Jularbo frå scena ( Kan samanliknast med når eg skal høyre heltane Biffy Clyro igjen :D).

6. Skriv telefonnummeret ditt på armen til ungane. Konsert betyr mykje folk, og det er fort gjort å komme bort i mengda.

Karpe Diem. Fantastisk show. 















7. Sjekk ut kva reglar som gjeld for festivalen du skal på.  Det er ingenting som er so flaut for ungane som å bli stoppa i innsjekkinga berre fordi han far måtte ha med seg paraplyen eller at ho mor på død og liv ville ta med seg den oppblåsbare sofaen og selfiestanga si.

8. Om det er sol og finever, så ikkje gløym å smørje ungan med solkrem.  Og ikkje minst: ha tilgjengeleg vatn.

Timbuktu på Malakoff. 















9. Ta med eit teppe til å sitje på. Små føter kan bli trøtte, og det er ikkje alltid det er godt med sitjeplassar. Då er det godt å ha eit teppe å slenge seg ned på.

10. Ha det kjekt.  La problema ligge att heime festivaldagen.  Ikkje start ein diskusjon om husrydding eller manglande innsats i heimen.


Har eg gløymt noko no?  Det har eg heilt sikkert, men poenget er som følgjer: Festival er  ei flott oppleving dersom ein tek nokre åtgjerder.


søndag 26. mars 2017

Eg, ein gamlisungdom


Eg likar gamle ting og nostalgi er mitt mellomnamn.  
Då eg var lita, høyrde eg på songar som var populær i førre generasjon, noko som førte til utallige timar med Frem fra glemselen på platespelaren.  Dei gamle skillingsvisene er framleis noko av dei kjæraste visene eg kan.  Vesleblakken td. er jo ei grinelåt som manglar sidestykke.  Tenk å vere 12 år, hesteeigar, og få servert denne tragiske låten om hesten som dør fordi han skal redde vesleguten.

Nostalgien gjer seg utslag i matvegen og, og i dag var det mandelsnittar som stod for tur.  Det smakar i grunnen ganske spesielt, men det er mindre nøye. Det smakar barndom og gamle damer på redningsforeining der gevinstane var tynne,tynne serviettar som var forma som hjarte eller sommarfuglar.  Akkurat slik smakar mandelsnitt.

Oppskrifta kjem her ( eg har spurt ho godaste Vivian om eg fekk dele den :)

Mandelsnitt
2 koppa kefir ( er ikkje det gammalt, så veit ikkje eg)
2 egg
2 koppar sukker
2 koppar smelta smør ( der anbefalar eg å kjøle ned smøret litt før du har det i deiga)
4 ts hjortesalt ( det riv godt i nasa, må vite)
4 mandeldråpar
kveitemjøl til passe deig.  Den må ikkje vere for klissete, men heller ikkje for hard.
 

1. Pisk kefir og egg godt saman. Tilsett så sukker og smelta, avkjølt smør, hjortesalt og mandeldråpar. Skift til eltekrok om du brukar kjøkkenmaskin.
2.Elt saman deiga med mjøl til passe deig.
3.Ta deiga på mjølete bakebord, del opp i 5-6 emner, rull lett saman og legg dei på plata. Trykk lett den.
4. Pensl med smelta smør i blanda litt kanel.

5,Steikast ved 180 grader midt i omnen til dei er gyldne. Eg steikte dei om lag 15-20 minutt

6. Når stengene er avkjølt, smør  du dei med melisglasur i blanda mandelessens.

Og når du har laga deg deilige ( som Besta ville ha sagt) mandelsnittar, så er det berre å setje på litt Frem fra glemselen, høyre på Vesleblakken, Lille Ragnhild, I en sal på hospitalet og Anna på søndagsskolen ( forferdeleg låt, men det var vel meininga og), grine ein skvett og berre nyte det :)

Mandelsnitt anno 2017. Takk og lov for at estetikken ikkje er det viktigaste. 







søndag 26. februar 2017

På heisatur til Oslo-bygda

Eg er ingen dreven turist. Eg likar meg best heime.  Men, eg tykkjer at det er viktig å bli kjent med landet vårt, og i år sto hovudstaden vår Oslo for tur.  Heller ferie i Noreg  enn sydenferie.
Så, kva møter meg når eg kjem til Oslo? Mange folk, bilar, trikkar, bussar, tog, båtar.  Her får du alt. Og alt er innanfor ein radius som er mogleg å nå på kort tid.  Målet for turen var å sjå så mykje som mogleg på nokre få dagar, og vi tok for oss dei mest kjende attraksjonane. Neste gong reiser vi heller ut i dei andre bydelane,
Det som slo meg som litt artig, at det dei kallar villastrøk i Oslo, er det vi her heime kallar byggefelt.  Einebustadar med hage.  Etter det eg har forstått, så bur eg i ein villa her heime, sjølv om eg ikkje tenker på det til dagleg.Då vi reiste ut over til Bygdøy Bygdelag, tenkte eg at dette er som heime, berre enda meir masse. Vi har ikkje eiga tennisbane, men vi har basarar, noko som vart reklamert for i det penere strøket.  Og når vi snakkar om penere strøk, så kjem ein jo ikkje utanom Frogner.  Eg har aldri snakka med ei frognerfrue, heller ikkje sett ei. Det må i så til felle vere i Se og Hør eller ein parodi som har blitt gjort av ein eller annan komikar.  Men det er eit klasseskille å reise rundt med t-bana i Oslo.  Du ser folk stige av og på. Og etter kvart lærte vi oss kven som skulle av på Majorstua og kven som skulle av på Holmenkollen.  Ja, eg er forutinntatt. Eg er eit menneske.






 




Aker Brygge var noko for seg sjølv. Det var noko anna enn ferjekaia heime. Aker Brygge er kult, hipt,sjarmerande og fullstendig tussete spør du meg.  og når du kjem til Tjuvholmen, då blir du slått av at det er fritt og naturleg, ironisk nok.  Men noko seier meg at det er ikkje alle som har tilgang der, likevel. Vektarar gjekk i området til stadighet, noko som var betryggande, men det fortel meg og at det kanskje ikkje er like kult for alle, t.d. dei som vektarane skal halde borte.  For Oslo er ikkje berre hipp hipp hurra for alle.  Tiggarar var det overalt, frå alle land. Og det mest skremmande var kanskje at dei var så unge, noko som gjorde eit ekstra sterkt inntrykk i og med at eg var i følge med ei jente som sikkert var like gammal som ho som sat på Karl Johan, skitten og skrinn. Aller helst ville eg ha teke ho med meg heim, spurt ho kva ho korleis ho hamna på gata, gitt ho ein klem og mykje mat, spelt litt musikk for ho og berre vore der.  Men, det er jo slikt som ikkje går an.  Og til slutt vert ein kanskje litt blind for folk som fell litt utanfor samfunnet. Ikkje veit eg.

Oslofolk er gode folk, høflege og smilande.  Den einaste gongen eg ikkje var heilt nøgd var då eg vart stoppa av ein selgar  på eit kjøpesenter i sentrum som ville prakke på meg ei salve som visstnok skulle gjere meg både vakker og ven.  Nei takk, sa eg.  Eg har naturleg skjønnhet......  
Men han var jo engelskmann, så han tels ikkje som ein gjennomsnittleg osloborgar.

Eg er glad i Oslo. Vi treng bygda og vi treng Oslo. Og Oslo treng bygda.  Oslo treng at folk kjem frå bygdene for å busetje seg der, besøke og fortelje ut i verda kor fint vi har det i hovudstaden.
Eg er i alle fall klar for ny Osloekspedisjon....