søndag 26. mars 2017

Eg, ein gamlisungdom


Eg likar gamle ting og nostalgi er mitt mellomnamn.  
Då eg var lita, høyrde eg på songar som var populær i førre generasjon, noko som førte til utallige timar med Frem fra glemselen på platespelaren.  Dei gamle skillingsvisene er framleis noko av dei kjæraste visene eg kan.  Vesleblakken td. er jo ei grinelåt som manglar sidestykke.  Tenk å vere 12 år, hesteeigar, og få servert denne tragiske låten om hesten som dør fordi han skal redde vesleguten.

Nostalgien gjer seg utslag i matvegen og, og i dag var det mandelsnittar som stod for tur.  Det smakar i grunnen ganske spesielt, men det er mindre nøye. Det smakar barndom og gamle damer på redningsforeining der gevinstane var tynne,tynne serviettar som var forma som hjarte eller sommarfuglar.  Akkurat slik smakar mandelsnitt.

Oppskrifta kjem her ( eg har spurt ho godaste Vivian om eg fekk dele den :)

Mandelsnitt
2 koppa kefir ( er ikkje det gammalt, så veit ikkje eg)
2 egg
2 koppar sukker
2 koppar smelta smør ( der anbefalar eg å kjøle ned smøret litt før du har det i deiga)
4 ts hjortesalt ( det riv godt i nasa, må vite)
4 mandeldråpar
kveitemjøl til passe deig.  Den må ikkje vere for klissete, men heller ikkje for hard.
 

1. Pisk kefir og egg godt saman. Tilsett så sukker og smelta, avkjølt smør, hjortesalt og mandeldråpar. Skift til eltekrok om du brukar kjøkkenmaskin.
2.Elt saman deiga med mjøl til passe deig.
3.Ta deiga på mjølete bakebord, del opp i 5-6 emner, rull lett saman og legg dei på plata. Trykk lett den.
4. Pensl med smelta smør i blanda litt kanel.

5,Steikast ved 180 grader midt i omnen til dei er gyldne. Eg steikte dei om lag 15-20 minutt

6. Når stengene er avkjølt, smør  du dei med melisglasur i blanda mandelessens.

Og når du har laga deg deilige ( som Besta ville ha sagt) mandelsnittar, så er det berre å setje på litt Frem fra glemselen, høyre på Vesleblakken, Lille Ragnhild, I en sal på hospitalet og Anna på søndagsskolen ( forferdeleg låt, men det var vel meininga og), grine ein skvett og berre nyte det :)

Mandelsnitt anno 2017. Takk og lov for at estetikken ikkje er det viktigaste.