mandag 30. mars 2020

Det er so underleg.

Det er so underleg no om dagen.
Vi er på stader der vi ikkje skal vere. Vi er heime. Jobbar heimafrå. Elevar går på skule heimafrå. Folk som skulle ha vore på jobb er heime fordi arbeidsplassen deira er tvungen til å stenge, eller begrense antal folk. Alt for å ikkje spre smitte. Folk er ikkje heime fordi dei kan, men fordi dei må. Kattar og hundar lurer på kvifor eigaren har okkupert huset deira i denne perioden, og hunden håpar eigaren  no forstår kvifor han tygg på møblane når han er aleine heime heile dagen
(dette er teken ut av ulike meme og ikkje søje ta eige bryst).
Ha litt omsut for dei som sit einsame rundt om. Ta ein telefon, spør om du kan hjelpe til med noko. Berre å vite at nokon er der om det skulle vere noko, kan lette på den litt gufne kjensla mange nok sit med no. Å gjennomføre ei telefonsamtale kan ta fem minutt og vere ein liten sak for den som ringer, men for den som tek i mot samtalen og kanskje får ei stemme gjennom lufta, kanskje den einaste levande stemma ein har høyrt på nokre dagar, so kan det bety all verden. Berre gjer det!
Lærarar sit heime og underviser elevane sine, elevar som kanskje ikkje har dei beste heimeforholda. Korleis skal ein på best mogleg måte  hjelpe dei på denne måten?
Folk er  kalla ut til å hjelpe til som helsearbeidarar, folk med helsefagleg bakgrunn. Dei og er på stader dei eigentleg ikkje skal vere.
Nokre er akkurat der dei skal vere: Alle som jobbar med å hjelpe alle andre. Her kunne eg ha nevnt mange yrkesgrupper, men vi ser no at alle er avhengig av kvarandre. Som ein veldig klok kar sa(SEJ, du veit kven du er om du les det): Vi er alle viktige, men vi er viktige på ulike tidspunkt. Akkurat no er det dei som steller med sjuke, driv smittevern, jobbar i butikken, køyrer ut varer, tømmer avfall, reinhaldarar, vaskeriansatte m.fl som er dei mest synlege.

Det er so underleg.
Det er underleg å sjå bilete frå Italia, Spania, USA og Storbritannia.  Pulserande byar som Oslo, New York, Paris og London går so vidt rundt. Det er so vidt det står til liv. Kyrkjene fyllest med døde mennesker, alle dei døde vert berre tal i statistikken. Ein del av dagens tal. Ein gløymer litt at dette er nokon si bestemor og bestefar, tante, onkel, kjæraste og ven, ektemann og hustru, son og dotter. Dette er ekte mennesker.  Ekte mennesker med levd liv bak seg og mange hadde eit lang framtid foran seg.
Det er underleg å vere del av ei verd der alt står på vent. Det er som heile verda er ei øy, og ferja er innstilt. Vi er på mange måtar overlatt til oss sjølve. Vi er avhengig av at naboen, medmenneska våre, tek ansvar, held seg heime, vaskar seg på henda og held avstand.


Det er underleg kor vand ein vert med ting slik dei har vore før. For mange år sidan las eg eit invervju med Liv Ullmann. Ho hadde besøkt ein fattig landsby, eg trur det var i eit land i Afrika ein stad. Ho sa til seg sjølv at ho ikkje skulle vere so snar med å klage over ting. Då ho kom på flyet på veg heimatt, tok ho seg sjølv i å klage over at kaffien var for kald.
Vi mennesker er nok slik. Vi gløymer so lett. Difor: Når alt dette er over, når alt er tilbake til normalen, kan du då minne meg på alt eg saknar?  Når livet kjem tilbake til sin vante gang, og eg tek til å bli lei av maset i kvardagen, kan du då minne meg på det?
Når eg vert lei av køen på butikken, når eg tek meg i å bli irritert på arbeidskameratane mine, familiemedlemmer,medøybuarane mine, når elevane bråkar i klasserommet, når eg må vente på maten på restauranten, når frisøren seier "ops" når ho klipper meg, når eg vert freista til å kjøpe på internett i stadenfor å ta den ekstra turen til butikken, når jentene vil ha fest heime hos oss, når eg vaknar av alarmen klokka 05.45 og heller vil vere heim, men må reise på jobb. Kan du minne meg på at det er dette som er det eigentlege livet, livet vi er vande med.
Det er underleg at eg skal sitje og sakna å vere impulsiv, eg som stort sett berre er impulsiv når eg får tenkt meg om nokre dagar. Kan du minne meg på gleda over å vere impulsiv, at det ikkje er sjølvsagt? 
Det er so underleg, men samstundes so fint kor tilpasningsdyktige vi er og måten vi syner omsut for folk. Ja, det finst egoistar alle stader, men stort sett er folk fine. Stort sett. Det gjev meg håp, også for tida etterpå. Kanskje vi vert eit rausare samfunn. Kanskje vi greier å tenke litt framover, tenkje at vi må ha mat og ulike hjelpemiddel tilgjengeleg. Kanskje vi endrar reisevaner. Kanskje vi ser andre løysingar.
Det er so underleg korleis verda held pusten medan viruset herjar. Eg ser fram i mot å klemme, sjølv om eg ikkje er ein klemmar. Eg kjem til å klemme folk, herifrå til Hønefoss. De er herved advart. Men de må minne meg på det. Det er litt underleg.