søndag 29. november 2015

Rullfalleri

No er jula rett rundt hjørnet, og eg er som alltid evig optimistisk på mine eigne vegne med omsyn til juleførebuingane.  I år startar eg tidleg med rullen ( eller rulljen som eg likar å seie).
Eg har kjøpt meg nokre schwungar hos Joker på Flatraket, og då var det jo berre å setje i gang. Dette er lammerullar, så dei er litt små. Eg skøyta i hop to stykker, noko som resulterte i litt lapperull, men det er jo sjarmerande, ikkje sant?

Oppskrifta har eg fått låne av ho mor. Det er visst ei gammal,velbrukt ei.
Krydderblandinga eg bruker er omtrent slik ( til 1 1/2 kg kjøtt og 1 slagside).
3 ts salt
1 ts sukker
1 ts pepar
1 ts ingefær
1 ss hakka løk
2 plater gelantin ( då eg var lita lurte eg alltid på kva gelantinen vart brukt til. Det fann eg ut då Trude, som alltid har vore ein kløppar på kjøkkenet, skulle vise meg korleis vi skulle lage kokosbollar. Det resulterte i det som eg hugsar som verdas største kokosbolle. Og i tillegg smakte den heilt fantastisk).



Takk til Trude som stilte opp som stativ :) 


 



Eg startar med gelantin og krydder og legg kjøtt lagvis.  Når dette er gjort syr eg kjapt saman, før eg "påtar" rulljen i flaska som er i kledd ei strømpe ( og dette høyres nok veldig rart ut for dei som ikkje veit kva eg snakkar om).

 No skal rullen ligge litt  på kjøkkenbenken slik at han saftar seg ( ho mor sitt uttrykk), før eg legg den i kjøleskåpet.  Deretter frys eg den, før eg tek den opp for å koke den ca to dagar før eg skal bruke den. Dersom eg hugsar det, kan eg legge ut eit "etter bilete" når den er kokt og lagt i press.

Tenk om eg i år kunne greidd å lage eit innlegg frå Ta Kaka kvar veke. Det hadde vore noko det. Det betyr jo strengt tatt at eg må lage kaker og. Men, det er jo ikkje det verste ein kan gjere no rett før jul :) 

tirsdag 25. august 2015

Vekeblad......

...er noko eg diggar. Og eg skriv diggar, sjølv om eg eigentleg er dritlei alle vekeblad. Eller ukeblad, som det heiter på fint..

Då eg var lita fekk vi varekasse frå Wiik på fastlandet. Tysdagane var det bladdag, det vil seie at mamma bestilte KK, Hjemmet, og av og til Norsk Ukeblad.  Vi barna, det vil seie eg og Pappa, fekk Donald Duck.  Pappa skulle lese det fyrst, deretter fekk eg det. Då broren min i ei periode budde heime, kom han etter pappa, men før meg.  Vi hadde heldigvis ei stilletidande einighet om at vi ikkje skulle avsløre krimgåta for dei andre.
Men, tilbake til vekeblada. Dei var stappfulle av deilige kakeoppskrifter. Side om side med slankekurar.  Eg hugsar at eg reiv ut slankeoppskriftene og hadde dei i permar. side om side med kakeoppskriftene. Litt sært ja, men så var eg og eit sært barn.
Eg var ei stund så opphengt i vekeblada og innhaldet der, at eg ønskte at eg var tjukk, slik at eg kunne slanke meg ved hjelp av ei av desse fantastiske slankekurane.
Besta mi spurte alltid om eg kunne gå inn til mamma og hente Hjemmet. Ho ville berre sjå rosene. Og eg tykte det var veldig rart at det var så mykje roser i Hjemmet.  Eg forsto etterkvart at det rett og slett var bileta som var interessante :)

I dag hylle vekeblada det naturlege. Det vil seie: dei som et kaker og slankar seg i same slengen. Triste historier om mannen som var spelegal og sto i med systra til kona som hadde mista jobben fordi ho var kleptoman og trist fordi ungane hadde flytta ut av huset og ho hadde ingen som ho kunne ta seg av lenger.......... Eller noko slikt.
Interiørblada hyller den individuelle stilen. Det vil seie : same stilen som alle andre har. Helst skal det vere kvitt og grått.  Alle har dei same lysestakane, dei same teppene, dei same lampane og så vidare.

Men, til sjuande og sist må ein ikkje gløyme kva vekeblada eigentleg er. Rein inspirasjon. Vil eg bake kake denne veka? Ja, då brukar eg kakesidene. Vil eg slanke meg? Ja då hiv eg meg på ein 5:2 kur, eller ein supersuppe-kur. Og eg må ærleg innrømme at det er godt å kunne drøyme seg vekk i andre sine heimar når din eigen liknar eit bomba grisefjøs.

Ja, eg mislikar sterkt glossy vekeblad. Og ja, eg elskar dei.
Så i morgon den dag skal eg kjøpe meg eit. Og eg er ikkje i slankemodus, så då vert det nok kaker.....



fredag 6. februar 2015

Tommelom.........

........i hovudet. Og det høver jo bra når ein skal skrive ein blogg.  Difor vert det litt hips om haps.
Men, eg kan jo alltids gje ut oppskrifta på verdas beste luff ---- heilt objektivt altså.
Eg er ikkje heil sikker på historia bak den, men eg trur det var ho mor som kom med den fyrst. Sidan eg brukte oppskrifta fyrste gong, har eg  teke det som passar i.  Det kan vere å røre inn eit ekstra egg, litt havsalt på toppen, eller ekstra smakstilsetning i deiga. Den smakar himmelsk til tapas, lasagne, med sukker på, med sirup på, med godt smør på, utan noko på, rett og slett den ultimate "all round-luffen".  Forøvrig så kjem uttrykket luff frå Besta. Ho lagde aldri loff, men luff.
Well, her kjem herligheta:

"Verdas beste fletteluff"
ca 7 dl mjølk
ca 70 gram smør
ca 1/2-1 pk gjær
1 klype salt
Kveitemjøl til deiga blir passeleg.

Smelt smøret, hell i melka og varm opp blandinga til 37 grader. Hell i bakebollen og rør ut gjæra. Tilsett saltet. Rør inn mjølet til ei fast og god deig. La den heve i ca 30-45 minutt.
Kvelv deiga ut på bakebordet, del den i to. Del deretter kva del i tre og flett ei fin og jamn flette.  ( Du treng faktisk ikkje flettebok for å få dette til, men det kunne jo ha  vore artig å prøve).
Sett fletteluffen til heving, ca 20 minutt.
Før du puttar brøda i omnen på midterste rist, penslar du dei med egg og strør over det du vil. Eg brukar valmuefrø, men du kan og bruke sesamfrø, grillkrydder, eller havsalt.
Steik i ca 20-25 minutt på 225 grader.
Avkjøl på rist.

Og eg vil med ein gong få beklage mine unøyaktige oppskrifter.  Når ein tek det meste på slump, så vert det litt vanskeleg med måla. Mi erfaring er at det går som regel bra.

OG ikkje eit einaste bilete fann eg av luffen... Det må jo tyde på at den var så god at den vart oppeten før eg rakk å ta bilete. ( Det er jo lov å tru det, eller hur?), eller så er dette verdas meste kjedelege og udokmenterte blogg.  Anyway: Ha ein fin fredag.