mandag 22. desember 2014

Kaketilståing og gåve til Sørlandet :)

Eg er ei skam for heile bakeriprosjektet mitt. No er det straks vesle julafta, og eg sit her med sjakkruter og berlinerkransar, julebrød og nokre grovbrød, kjøpte peparkake og kjøpte sjokoladekjeks.  Og eg seier ingenting på å kjøpe julekaker. Slik livet til mange har blitt, så seier det seg sjølv at ein ikkje får tid til å bake sju slag, med mindre du skal vere superwoman og klar alt, både heimelaga peparkakehus, nedvaska kjøkken og stove, sju slag, heimelaga julekort, fint dekorerte pakkar, og heimelaga snacksgåver til vener og kjente. Men, og det er eit stort men. Eg har jo utbasunert ganske kraftig at eg i løpet av sommarferien skulle bake mange slag frå Ta kaka-boka. Det vart vel, tja, la meg sjå, ca tre kakesortar, og når jula kjem, bakemånaden over alle, så greier eg ikkje å stille opp med meir enn tre sortar frå denne boka. Skammeleg. Ja ja, nei nei, som ho seier, nissemora på Månetoppen. Eg har gjort og laga mykje anna. I dag foreksempel, laga eg herleg spaghetti og kjøtdeig.  Vi må ikkje gløyme kvardagsmaten opp i all festen.( sånn, nok trøyst til meg sjølv).

I dag har eg ordna ein julepakke og :)  Kanskje Fru Tone snart får besøk. Det ekje godt å seie,du.  Og når ho får det, så kan ho seie at dette var ei lita påminning om eit flott sommarminne, og at dette kanskje er noko som det berre skal vere to om, dersom ein kan ordne barnevakt ein time eller to. Det ekje godt å seie,du.  Ja, ja.. nei, nei.  Natt her no.  I morgon durar vi av garde inn i fjorden.
God jul til dykk to-tre som les bloggen :)
Og ja....... Joe Cocker døydde i dag-... trasig når dei gode,gamle travarane tek til å felle frå. Lastar opp ein link av min favoritt.....:)
Now that you're gone


torsdag 23. oktober 2014

Den fjerde rytter av Agatha Christie



Sjeldan har eg lese ei bok som startar så bra som denne: Kaffemaskinen bak meg hveste som en tirret slange. Det var noe uhyggelig, illevarslende ved lyden. Slik er det vel med de fleste lyder i vår moderne verden, tenkte jeg.  Det lammende brølet fra jetfly som lyner over himmelen, den tunge, truende rumlingen av togene i undergrunnsbanen når de nærmer seg, de digre trailerne som får hele huset til å skjelve, ja selv småstøyen fra vaskemaskiner, kjøleskap,trykkokere og støvsugere-de kan være til aldri så stor velsignelse, likevel føler en seg alltid litt på vakt overfor dem. "Pass deg",sier de liksom . "Jeg er en fanget ånd som må tjene deg, men hvis jeg slipper fri.......".  Dette er ein mann sine tankar medan han sit på eit av nymotens kaffibar i Chelsea på 1950/60-talet (boka kom ut i 1963 under tittelen "The pale horse").
Noko av det  spennande med denne boka er tankane rundt det å skrive.  Hovudpersonen,Mark Easterbrook, besøker venninna si Ariadne Oliver som har ei aldri så lita skrivesperre. Det er lett å myrde folk, og i fyrste omgang vite kven mordaren er. Det vanskelege er å tåkelegge det heile og villeie lesaren.  Eg mistenkjer Fru. Christie å skrive seg sjølv litt inn i denne rolla.

Eg les 6.opplag som kom ut i 1985. Etter å ha sett på lånekortet, har ikkje denne boka vore mykje ute og sett seg om i kommuna. Den har blitt lånt ut 25 gonger frå 1986-2014.  Det hadde vore stas om fleire kunne fått auga opp for denne boka, som ikkje er ei Hercule Poirot-bok, men det gjer absolutt ingentingenling :)


søndag 10. august 2014

Funkar for meg :)

Eg les bloggar, men ikkje slavisk. Nokre bloggar les eg for inspirasjon, andre for å få bekrefta at eg eigentleg ikkje har det så verst. Eg har ikkje heftige treningsøkter å skryte av, eg har ikkje hektiske kvardagar med photoshooot og oppstyling, kjendistreff, sjampis på raud laupar, dyre designmøblar, designvasar og oppussingsprosjekt kvar helg og anna fancyschmancy. Eg har rett og slett ikkje behov for å framstille livet mitt som perfekt, sorglaust eller idyllisk.  Det eg har derimot er dagar som er både grå og fargerike,  kjekk jobb, hektisk kvardag med pendling (eg cruisar til jobb på sjøen  kvar dag på veg til jobb),  flott ungar som gjer meg unik kunst som ingen annen har, og som er uendeleg mykje verdt, eit hus som er ok ryddig, med nokre få rom som fungerar som oppbevaring og som ikkje er så ryddige. Eg kan ta gåturar i verdas vakraste natur, vennane mine er ikkje kjendisar, men veldig eksklusive,  og når eg skal drikke sjampisen min, som ikkje skjer altfor ofte, så drikk eg den gjerne på altanen med verdas vakraste utsikt.  Og som dei seier i VitaPro-reklamen: "funker for meg" :)

mandag 4. august 2014

Jentan på Båly

Eit aldri så lite tips igjen. Då vi var på ferie på Sørlandet fann Tonepone ut at ho ville syne oss den lokale delikatessebutikken, nemleg Jentan på Båly.  Eg visste ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det var ikkje akkurat dette.  Moderne butikk, lys og innbydande. Ikkje verdens største butikk, men med god golvplass, og små reolar med eit flott utval av lokale varer.  Det var skikkeleg stas å kunne gå og kike på det lokale utvalet dei hadde der.. Vi skulle eigentleg berre ha øl frå det lokale bryggeriet, men då vi fekk auge på verdens største SJOKOLADEKAKESTYKKE, måtte vi berre prøve den.  Grisegodt!!!!!!!! Butikken ligg på Spangreid, og ein må ta av frå E 39 på Vigeland og inn på 460.  Bileta under vart litt små, men de kan klikke på linken, så finn de ut meir om butikken. Jentan på Båly






søndag 3. august 2014

Store planer, liten evne til gjennomføring....................

............. og difor vert dette det fyrste innlegget på leeenge. Men, når sant skal seiast, så er eg ikkje så frykteleg gla i å sitje ved dataen når det er strålande solskin ute, og fleire meter med vegg skal målast.

Eg tenkte eg skulle syne nokre bilete av mat( bombe).... Miniminime hadde bursdag då vi var på ferie, og i den anledning hadde Tonepone bestilt bord på Spiseriet som ligg på Vigeland.  Vi hadde ikkje vore der før, men dei let vel.  Dei sa mellom anna at om vi bestilte hamburgeren på staden, så kom vi ikkje til å klare å ete den opp.. Haha, try me, tenkte eg og bestilte hamburger. Og då snakkar vi svær og heimelaga burger med skikkeleg stekte poteter til.  Sjeldan vert ein servert ei so tjukke lonse med kjøt. All kred...
 
 
Minime bestilte nachos, og då tenkte vi at det kom litt chips med saus..... Det gjorde det, så til dei grader...I tillegg  til fyldig salat og eit godt kjøtstykke på toppen med bønnespirer. Tonepone hadde og bestilt kake, noko som bursdagsbarnet satte stor pris på, og ekstra stas var det nok at det var helsing frå Isac Elliot på kaka og fyrverkeri :)  
 
 
 
Og kva kan vi konkludere med dette?   Køyrer de E 39 på Sørlandet, så ta av i rundkøyringa ved Vigeland ( der fyret står) og stopp på Spiseriet, det er vel anvendt tid.  Dei leverer  takeaway, så ein kan bestille før ein kjem dit. http://spiserietmat.no/
 

søndag 6. juli 2014

Musli it is

Marie Antoinett skal ha sagt til det brødlause folket i Frankrike, rett før det franske revolusjonen tok laust: Har dei ikkje brød? Då kan dei vel berre ete kake( i seinare tid har det kome fram at ho ikkje sa det, men historia er jo litt småmorosam uansett).  
I dag hadde vi nesten den tilstanden i huset. Brødskuffa var tom, bortsett frå knekkebrød, skulebollar og restar av mandelbrød. Då var alternativet: grovbrød eller sjokolade og vaniljepai.  Fornufta tok overhand, og det vart glimrande gode grovbrød, som bygger på ei oppskrift eg fekk av systra mi.  
Her kjem den: 1,2 liter lunka vatn, 50 g gjær, ca 500 gram grovkveite, litt salt, litt olje, resten kveitemjøl.  Du kan og ha i nokre nevar havregryn. 
Bland fyrst vatn og gjær, deretter salt og olje. Eg tek fyrst i grovmjølet og deretter sper eg på med kveitemjøl til eg får ei fast og god deig.  No kan du enten bake deiga direkte ut og legge brøda i  godt smurte 2 litersformer, eller du kan la deiga stå til heving i 30  minutt for så å bake dei ut.  Etterhevinga tek ca 10-20 minutt.  
Brøda steiker du på nederste rille i ca 40 minutt på 220 grader.   

Medan eg var i farta laga eg musli/granola.  Då brukte eg Fotballfrue si oppskrift.  Den finn du  her . Her må du passe på varmen, for den vert fort brent.  Den er grisegod i lag med gresk yoghurt eller Biola. 


 
Det var alt for i dag. I morgon kan det hende det vert ein bakefri dag. 

lørdag 5. juli 2014

Skulebollar

Mandelbrøda... ja, kva skal vi seie om dei?  Ho mor sa dei var i alle fall gode på smak, noko som må bety at utsjånaden ikkje var den aller beste. Heilt greitt.  Smaken er jo det viktigaste.  I går vart det ikkje laga noko, då vi skulle på pub på Barmøy Gjestehus.  Der fekk vi servert tapas av høg  klasse. 
Kjøttbollane til Tove fekk utruleg mykje skryt, det same med hotte fiskebollar, løk og eplesalat med meir. Om du vil lese meir om gjestehuset, kan du gå inn på nettsida deira barmoy.com


Ja, og då var det over til skulebollane :)

Ein gong vi laga skulebollar på skulen, var det ein gut som sparte det gule i bollen. Eg tenkte at han nok skulle spare det beste til slutt, men det var feil. Han kasta det i bosset og sa at han ikkje likte gula, noko som eg vart sjokka over. Gulen er jo det beste. Difor vert mine bollar litt bolle og mykje gule. Visse fordelar skal ein ha når ein lagar bollane sjølv. 

Eg laga vanleg gjærdeig av 3 1/2 dl mjølk, 100 g smør, 4 ss sukker, 40 g gjær og 1 liter mjøl.  Eg sette det til heving i ca 1 time ( noko som sikkert vart litt lenge).  Eg baka det ut til 14 bollar( noko som og var feil, då det i oppskrifta sto 24 bollar).  Eg laga ei grop i dei og fylte med vaniljekrem frå boks( ja, litt juks må vere lov).  Etter å ha etterheva dei i 20 min( skulle sikkert ha etterheva før eg tok vaniljekremen på), steikte eg dei i 10 minutt på 240 grader. 

Som tidlegare nevnt, så er ikkje estetikk mi sterkaste side, så det var ganske greitt å kunne dekke over litt vanskapte bollar med tjukk melisglasur og kokos.  

Og sitat mini: Desse er betre enn dei ein kjøper på butikken..... så då flyt eg litt på den, fram til neste bakeprosjekt :)-

torsdag 3. juli 2014

kakastrofe....

..... og eg har nettopp begynt.
Mandelstang har alltid vore min favoritt, så eg tenkte at det skulle eg starte med. Oppskrifta som er i boka er ei bakaroppskrift frå Molnes bakeri i Ålesund. Det skulle mellom anna  vere 2 kg sukker og 1 kg margarin, men om ein skulle lage mandelbrød heime, måtte ein dele på ti.  Og det gjorde eg. Men, no er det ein gong slik, at baking og dårleg tid høyrer i hop, så deiga vart både tørr og våt ( og eg skulle bli ferdig til Allsang på grensen :D ), så då vart det som det vart.   Eg tenkjer som så, at no kan det berre gå ein veg, og at det neppe kan bli verre enn dette.  Kakebitane danderte eg i full fart på eit fat med melisglasuren skvettande rundt om.
Minimini likar ikkje lukta av mandelessens, noko som eigentleg er fullt forståeleg. Den inneheld nemleg propylenglykol, noko som i utgangspunktet var propan. Det er eit  ikkje-naturleg stoff som vert brukt både i matlaging og i kosmetikk fordi det har gode eigenskapar med tanke på at det er eit godt konserveringsmiddel. Du kan lese meir om propylenglykol  her. Det er ikkje farleg i små dosar, men eg ville nok ikkje satt til liv 15-20 flasker av stoffet.

Jess da...  i morgon er det fredag og nye moglegheiter for nytt bakverk.  Kva eg då skal prøve meg på må småfuglane vite.

Og eg må avslutte med å seie at det dårlege utfallet ikkje var Ta kaka sin feil. Denne gongen var husmora rett og slett ikkje nok nøyen og tolmodig. Skjerpings.
(Men, eg må avslutte igjen med å seie at eg lagde nokre himmelsk gode rundstykke tidlegare i dag.... reknar med at det veg opp : ) )

Ta kaka

Fyrste innlegg, og kanskje det siste, kven veit.   Denne bloggen er mest for kjentfolk, slik at dei kan få følge mitt kakeprosjekt fram mot jul. Planen var at eg skulle lage ei kake kvar dag i sommarferien frå boka Ta kaka som er utgitt av Åse Kongsvik, Kari Støfringdal og Heidi Brunstad-Øyehaug, Selja Forlag., men tida jobba i mot meg, dessutan passa det ikkje med julekaker i juli.  Ta kaka er ei kakebok frå Vestlandet, og den tek føre seg kaker og bakverk frå dei enklaste kakene til konditorkaker.  Og sidan eg er rimeleg dårleg til å lage kaker, så kan jo dette verte interessant.  Feriefolk som stikk innom får smake ( eller kanskje ikkje-det kjem heilt an på resultatet).
I dag skal eg starte med mandelbrød, men utfordringa med å bu her eg bur, er at eg bør han ingrediensane i hus før ein tek til, noko som eg er usikker på om eg har. Men, vi prøvar.  Resultatet kjem seinare på kvelden.