mandag 5. desember 2016

Var Jesus kvit?




Då eg gjekk på barneskulen var eg av ei formeining av at eg burde vere Sancta Lucia fordi eg hadde langt lyst hår.  Venninna mi meinte ho burde vere Lucia for ho hadde lysare hår enn eg.  Det enda ofte opp med at det var den tredje venninna vår som vart Lucia. Ho hadde brunt hår, og det var ikkje alltid ho hadde langt hår ein gong.  Eg trur ho fekk vere Lucia, nettopp fordi ho var så utypisk Lucia, i alle fall  om  ein samanlikna med det bilete vi hadde av martyren frå Sicilia. Som vaksen kan eg ikkje hugse å ha sett bilete av ho med langt, lyst  hår.  Er det lyset i kransen som gjer at vi har ei formeining om at Lucia skal vere både lys i huda og i håret?  

Dei siste dagane har det herja ein diskusjon i Sverige etter at varehuset Åhlèns brukte ein mørhuda unge ikledd Luciakostyme. Kommentarfeltet gjekk bananas. Folk lirte av seg dei mest utrulege ytringane, flest rasistiske...  MOT EIT BARN!!!!   Kva er det som skjer med folk?  Greitt at Luciafeiringa nok står sterkare i Sverige enn i Noreg, men eg trudde verkeleg at vi var komne lenger  i 2016.  
Fyrste gongen eg såg bilete, sto det over: Dette bilete har skapt storm på internett.  Ja ha, tenkte eg. Kva er gale med det då?  Er det levande lys? Noko som kan brenne? Er klea på bilete produsert under farlege forhold?  Då eg fann ut kva som hadde skapt stormen, at ungen berre  hadde feil hudfarge, vart eg oppriktig lei meg. Lei meg fordi eg veit at slike haldningar finnast rundt oss,  lei meg fordi born blir sett på som ein trussel mot nordiske tradisjonar ( tradisjonar som faktisk er frå Syd-Europa) fordi dei har feil pigmentfordeling i huda i forhold til det som er ynskjeleg her nord, lei meg fordi nokre menneske er så grunne.  Martin Melin (svensk politikjekkas)  skreiv på instagram at han ville rulle desse hatarane inn i filt, bysse dei forsiktig og seie at det ikkje er så farleg. Akkurat det kunne eg og ha tenkt meg å gjere.  Heldigvis, så har hatet fått motsvar. Det har hagla på med støtteerklæringar både til Åhlens og til barnet sin familie.  Familien har likevel valgt å få fjerna bilete frå internett på grunn av for stort påtrykk av negative tilbakemeldingar.   Åhlens skriv meir om dette i lenkja under. 

Åhlens kommentar

Det er ikkje ofte eg skriv slike innlegg, men akkurat no måtte eg berre få det ut.  Det vart litt for personleg og litt for sårt, men det får gå for denne gong.
Neste innlegg må heller bli noko som er litt meir festleg- kanskje litt kakebaking frå Ta kaka :)










torsdag 3. mars 2016

Kraftstasjonen i Måløy

Etter at vi hadde vore på nokre møter i Måløy i dag, fann eg og ho mor ut at vi skulle prøve ut Kraftstasjonen.  Eg har ikkje vore der tidlegare, men eg har høyrt mykje bra om staden. Ein kan seie mykje rart om Instagram og Facebook, men at ein kan snappe opp eit og anna tips til mat, det er  i alle fall sikkert. So og i vårt tilfelle. Mange av våre vener har ete på Kraftstasjonen, og lagt ut det eine etter det andre bilete.
Vi møtte opp, vart vist til eit bord og fekk meny for å bestille. Vi hadde eigentleg bestemt oss på førehand, for på utsida reklamerte dei for salat med torsketunger i tempura. Eg held meg til andre kroppsdelar og dyr, så eg bestilte hamburger av oksehøgrygg. Etter forholdsvis kort ventetid, så kom maten, og no såg vi verkeleg kvifor folk tek bilete av maten.  Eg var jo grisesvolta, så bileta vart deretter ( rakk berre å ta eitt før eg måtte hive i meg maten).







Maten smakte nydeleg. Vi som er medlemer i "Aslauget", veit å bruke adjektiva når det verkeleg er på sin plass, og i dette var ei slik stund.  Burgerbrødet var  mjukt og godt, bløytt i herleg dressing.  Sjølve burgeren var spenstig, utan å vere gummi, og smaken var himmelsk.  Ho mor sine torsketunger var lekre å sjå på, og smaken var ikkje noko å utsetje på heller. Og sidan det no var torsdag, så måtte vi jo sjølvsagt ha karamellpudding til dessert, ein dessert som sto i stil til resten av maten.  Skikkeleg deilig, med andre ord.
Som oppsummering, så kan ein vel seie at; det var mykje mat for pengane, lokalet var triveleg, viktigaste av alt; du følte deg velkomen. Servitøren og "kokkjen" var smilande og blide og lette å snakke med. God sos, som han far ville ha sagt :)

Eg slenger med nettstaden til herlegheita, slik at ein kan sjå kva ein har i vente. Pluss for meny på nettet. Heimesida til Kraftstasjonen