søndag 28. januar 2018

Sånn over snittet godt brød.....

I dag skulle eg skrive nokre velvalde ord, tenkte eg. Men orda kom ikkje.
So no sit eg her og lurer på om eg rett og slett skal gje dokker oppskrift på verdas beste brød.  Heilt objektivt.
Eller, det er i grunnen ei basisoppskrift, og så kan ein jo putte i det ein vil.
No skal det seiast at eg eigentleg ikkje brukar oppskrift, så eg tek litt av ditt og litt av datt. Eg har forsøkt å måle det sånn nokonlunde. Oppskrifta er litt "for Dummies", men det står vi i. Ikkje sant?

1,2 l lunka vatn
50 gram gjær
ca 1/2 dl soyaolje
1 ts salt
ca 500 gram grovkveite
ca 500 gram - 1 kg kveitemjøl ( her må ein berre prøve seg fram til deiga vert fast og slepp bakebollen. Ikkje ta i for mykje i starten)


Varm opp vatnet til omlag 37 grader. Løys opp gjæra i vatnet i lag med olje og salt.
Ha i  grovkveita. Elt godt. Eg brukar kjøkkenmaskin, men dette er og godt muskelarbeid.

Når eg brukar kjøkkenmaskin, så vel eg å bruke K-kroken fyrst, slik at alt vert blanda i hop. Eltekroken tek eg på til slutt.




Set til kveitemjølet litt etter litt til deiga har ein glatt og fin konsistens som slepp bakebollen.
Hev  i 30 minutt.






Del i to emner og legg brøda i godt smurte former ( 2 liter)
Hev i 15 minutt
Steik på nederste rille i omlag 40 minutt ved 210 grader.







La brøda kvile før du skjere i dei (lett å la seg friste til å smake på blodferske brød, men då risikerer ein å skvise heile brødet- been there, done that)

Fint om nokre av prøvekaninene kan gje meg tilbakemelding om oppskrifta er heilt på bærtur.