torsdag 3. mars 2016

Kraftstasjonen i Måløy

Etter at vi hadde vore på nokre møter i Måløy i dag, fann eg og ho mor ut at vi skulle prøve ut Kraftstasjonen.  Eg har ikkje vore der tidlegare, men eg har høyrt mykje bra om staden. Ein kan seie mykje rart om Instagram og Facebook, men at ein kan snappe opp eit og anna tips til mat, det er  i alle fall sikkert. So og i vårt tilfelle. Mange av våre vener har ete på Kraftstasjonen, og lagt ut det eine etter det andre bilete.
Vi møtte opp, vart vist til eit bord og fekk meny for å bestille. Vi hadde eigentleg bestemt oss på førehand, for på utsida reklamerte dei for salat med torsketunger i tempura. Eg held meg til andre kroppsdelar og dyr, så eg bestilte hamburger av oksehøgrygg. Etter forholdsvis kort ventetid, så kom maten, og no såg vi verkeleg kvifor folk tek bilete av maten.  Eg var jo grisesvolta, så bileta vart deretter ( rakk berre å ta eitt før eg måtte hive i meg maten).







Maten smakte nydeleg. Vi som er medlemer i "Aslauget", veit å bruke adjektiva når det verkeleg er på sin plass, og i dette var ei slik stund.  Burgerbrødet var  mjukt og godt, bløytt i herleg dressing.  Sjølve burgeren var spenstig, utan å vere gummi, og smaken var himmelsk.  Ho mor sine torsketunger var lekre å sjå på, og smaken var ikkje noko å utsetje på heller. Og sidan det no var torsdag, så måtte vi jo sjølvsagt ha karamellpudding til dessert, ein dessert som sto i stil til resten av maten.  Skikkeleg deilig, med andre ord.
Som oppsummering, så kan ein vel seie at; det var mykje mat for pengane, lokalet var triveleg, viktigaste av alt; du følte deg velkomen. Servitøren og "kokkjen" var smilande og blide og lette å snakke med. God sos, som han far ville ha sagt :)

Eg slenger med nettstaden til herlegheita, slik at ein kan sjå kva ein har i vente. Pluss for meny på nettet. Heimesida til Kraftstasjonen