So no sit eg her og lurer på om eg rett og slett skal gje dokker oppskrift på verdas beste brød. Heilt objektivt.
Eller, det er i grunnen ei basisoppskrift, og så kan ein jo putte i det ein vil.
No skal det seiast at eg eigentleg ikkje brukar oppskrift, så eg tek litt av ditt og litt av datt. Eg har forsøkt å måle det sånn nokonlunde. Oppskrifta er litt "for Dummies", men det står vi i. Ikkje sant?
1,2 l lunka vatn
50 gram gjær
ca 1/2 dl soyaolje
1 ts salt
ca 500 gram grovkveite
ca 500 gram - 1 kg kveitemjøl ( her må ein berre prøve seg fram til deiga vert fast og slepp bakebollen. Ikkje ta i for mykje i starten)
Varm opp vatnet til omlag 37 grader. Løys opp gjæra i vatnet i lag med olje og salt.
Ha i grovkveita. Elt godt. Eg brukar kjøkkenmaskin, men dette er og godt muskelarbeid.
Når eg brukar kjøkkenmaskin, så vel eg å bruke K-kroken fyrst, slik at alt vert blanda i hop. Eltekroken tek eg på til slutt.
Set til kveitemjølet litt etter litt til deiga har ein glatt og fin konsistens som slepp bakebollen.
Hev i 30 minutt.
Del i to emner og legg brøda i godt smurte former ( 2 liter)
Hev i 15 minutt
Steik på nederste rille i omlag 40 minutt ved 210 grader.
La brøda kvile før du skjere i dei (lett å la seg friste til å smake på blodferske brød, men då risikerer ein å skvise heile brødet- been there, done that)
Fint om nokre av prøvekaninene kan gje meg tilbakemelding om oppskrifta er heilt på bærtur.