søndag 6. juli 2014

Musli it is

Marie Antoinett skal ha sagt til det brødlause folket i Frankrike, rett før det franske revolusjonen tok laust: Har dei ikkje brød? Då kan dei vel berre ete kake( i seinare tid har det kome fram at ho ikkje sa det, men historia er jo litt småmorosam uansett).  
I dag hadde vi nesten den tilstanden i huset. Brødskuffa var tom, bortsett frå knekkebrød, skulebollar og restar av mandelbrød. Då var alternativet: grovbrød eller sjokolade og vaniljepai.  Fornufta tok overhand, og det vart glimrande gode grovbrød, som bygger på ei oppskrift eg fekk av systra mi.  
Her kjem den: 1,2 liter lunka vatn, 50 g gjær, ca 500 gram grovkveite, litt salt, litt olje, resten kveitemjøl.  Du kan og ha i nokre nevar havregryn. 
Bland fyrst vatn og gjær, deretter salt og olje. Eg tek fyrst i grovmjølet og deretter sper eg på med kveitemjøl til eg får ei fast og god deig.  No kan du enten bake deiga direkte ut og legge brøda i  godt smurte 2 litersformer, eller du kan la deiga stå til heving i 30  minutt for så å bake dei ut.  Etterhevinga tek ca 10-20 minutt.  
Brøda steiker du på nederste rille i ca 40 minutt på 220 grader.   

Medan eg var i farta laga eg musli/granola.  Då brukte eg Fotballfrue si oppskrift.  Den finn du  her . Her må du passe på varmen, for den vert fort brent.  Den er grisegod i lag med gresk yoghurt eller Biola. 


 
Det var alt for i dag. I morgon kan det hende det vert ein bakefri dag. 

lørdag 5. juli 2014

Skulebollar

Mandelbrøda... ja, kva skal vi seie om dei?  Ho mor sa dei var i alle fall gode på smak, noko som må bety at utsjånaden ikkje var den aller beste. Heilt greitt.  Smaken er jo det viktigaste.  I går vart det ikkje laga noko, då vi skulle på pub på Barmøy Gjestehus.  Der fekk vi servert tapas av høg  klasse. 
Kjøttbollane til Tove fekk utruleg mykje skryt, det same med hotte fiskebollar, løk og eplesalat med meir. Om du vil lese meir om gjestehuset, kan du gå inn på nettsida deira barmoy.com


Ja, og då var det over til skulebollane :)

Ein gong vi laga skulebollar på skulen, var det ein gut som sparte det gule i bollen. Eg tenkte at han nok skulle spare det beste til slutt, men det var feil. Han kasta det i bosset og sa at han ikkje likte gula, noko som eg vart sjokka over. Gulen er jo det beste. Difor vert mine bollar litt bolle og mykje gule. Visse fordelar skal ein ha når ein lagar bollane sjølv. 

Eg laga vanleg gjærdeig av 3 1/2 dl mjølk, 100 g smør, 4 ss sukker, 40 g gjær og 1 liter mjøl.  Eg sette det til heving i ca 1 time ( noko som sikkert vart litt lenge).  Eg baka det ut til 14 bollar( noko som og var feil, då det i oppskrifta sto 24 bollar).  Eg laga ei grop i dei og fylte med vaniljekrem frå boks( ja, litt juks må vere lov).  Etter å ha etterheva dei i 20 min( skulle sikkert ha etterheva før eg tok vaniljekremen på), steikte eg dei i 10 minutt på 240 grader. 

Som tidlegare nevnt, så er ikkje estetikk mi sterkaste side, så det var ganske greitt å kunne dekke over litt vanskapte bollar med tjukk melisglasur og kokos.  

Og sitat mini: Desse er betre enn dei ein kjøper på butikken..... så då flyt eg litt på den, fram til neste bakeprosjekt :)-

torsdag 3. juli 2014

kakastrofe....

..... og eg har nettopp begynt.
Mandelstang har alltid vore min favoritt, så eg tenkte at det skulle eg starte med. Oppskrifta som er i boka er ei bakaroppskrift frå Molnes bakeri i Ålesund. Det skulle mellom anna  vere 2 kg sukker og 1 kg margarin, men om ein skulle lage mandelbrød heime, måtte ein dele på ti.  Og det gjorde eg. Men, no er det ein gong slik, at baking og dårleg tid høyrer i hop, så deiga vart både tørr og våt ( og eg skulle bli ferdig til Allsang på grensen :D ), så då vart det som det vart.   Eg tenkjer som så, at no kan det berre gå ein veg, og at det neppe kan bli verre enn dette.  Kakebitane danderte eg i full fart på eit fat med melisglasuren skvettande rundt om.
Minimini likar ikkje lukta av mandelessens, noko som eigentleg er fullt forståeleg. Den inneheld nemleg propylenglykol, noko som i utgangspunktet var propan. Det er eit  ikkje-naturleg stoff som vert brukt både i matlaging og i kosmetikk fordi det har gode eigenskapar med tanke på at det er eit godt konserveringsmiddel. Du kan lese meir om propylenglykol  her. Det er ikkje farleg i små dosar, men eg ville nok ikkje satt til liv 15-20 flasker av stoffet.

Jess da...  i morgon er det fredag og nye moglegheiter for nytt bakverk.  Kva eg då skal prøve meg på må småfuglane vite.

Og eg må avslutte med å seie at det dårlege utfallet ikkje var Ta kaka sin feil. Denne gongen var husmora rett og slett ikkje nok nøyen og tolmodig. Skjerpings.
(Men, eg må avslutte igjen med å seie at eg lagde nokre himmelsk gode rundstykke tidlegare i dag.... reknar med at det veg opp : ) )

Ta kaka

Fyrste innlegg, og kanskje det siste, kven veit.   Denne bloggen er mest for kjentfolk, slik at dei kan få følge mitt kakeprosjekt fram mot jul. Planen var at eg skulle lage ei kake kvar dag i sommarferien frå boka Ta kaka som er utgitt av Åse Kongsvik, Kari Støfringdal og Heidi Brunstad-Øyehaug, Selja Forlag., men tida jobba i mot meg, dessutan passa det ikkje med julekaker i juli.  Ta kaka er ei kakebok frå Vestlandet, og den tek føre seg kaker og bakverk frå dei enklaste kakene til konditorkaker.  Og sidan eg er rimeleg dårleg til å lage kaker, så kan jo dette verte interessant.  Feriefolk som stikk innom får smake ( eller kanskje ikkje-det kjem heilt an på resultatet).
I dag skal eg starte med mandelbrød, men utfordringa med å bu her eg bur, er at eg bør han ingrediensane i hus før ein tek til, noko som eg er usikker på om eg har. Men, vi prøvar.  Resultatet kjem seinare på kvelden.