søndag 26. februar 2017

På heisatur til Oslo-bygda

Eg er ingen dreven turist. Eg likar meg best heime.  Men, eg tykkjer at det er viktig å bli kjent med landet vårt, og i år sto hovudstaden vår Oslo for tur.  Heller ferie i Noreg  enn sydenferie.
Så, kva møter meg når eg kjem til Oslo? Mange folk, bilar, trikkar, bussar, tog, båtar.  Her får du alt. Og alt er innanfor ein radius som er mogleg å nå på kort tid.  Målet for turen var å sjå så mykje som mogleg på nokre få dagar, og vi tok for oss dei mest kjende attraksjonane. Neste gong reiser vi heller ut i dei andre bydelane,
Det som slo meg som litt artig, at det dei kallar villastrøk i Oslo, er det vi her heime kallar byggefelt.  Einebustadar med hage.  Etter det eg har forstått, så bur eg i ein villa her heime, sjølv om eg ikkje tenker på det til dagleg.Då vi reiste ut over til Bygdøy Bygdelag, tenkte eg at dette er som heime, berre enda meir masse. Vi har ikkje eiga tennisbane, men vi har basarar, noko som vart reklamert for i det penere strøket.  Og når vi snakkar om penere strøk, så kjem ein jo ikkje utanom Frogner.  Eg har aldri snakka med ei frognerfrue, heller ikkje sett ei. Det må i så til felle vere i Se og Hør eller ein parodi som har blitt gjort av ein eller annan komikar.  Men det er eit klasseskille å reise rundt med t-bana i Oslo.  Du ser folk stige av og på. Og etter kvart lærte vi oss kven som skulle av på Majorstua og kven som skulle av på Holmenkollen.  Ja, eg er forutinntatt. Eg er eit menneske.






 




Aker Brygge var noko for seg sjølv. Det var noko anna enn ferjekaia heime. Aker Brygge er kult, hipt,sjarmerande og fullstendig tussete spør du meg.  og når du kjem til Tjuvholmen, då blir du slått av at det er fritt og naturleg, ironisk nok.  Men noko seier meg at det er ikkje alle som har tilgang der, likevel. Vektarar gjekk i området til stadighet, noko som var betryggande, men det fortel meg og at det kanskje ikkje er like kult for alle, t.d. dei som vektarane skal halde borte.  For Oslo er ikkje berre hipp hipp hurra for alle.  Tiggarar var det overalt, frå alle land. Og det mest skremmande var kanskje at dei var så unge, noko som gjorde eit ekstra sterkt inntrykk i og med at eg var i følge med ei jente som sikkert var like gammal som ho som sat på Karl Johan, skitten og skrinn. Aller helst ville eg ha teke ho med meg heim, spurt ho kva ho korleis ho hamna på gata, gitt ho ein klem og mykje mat, spelt litt musikk for ho og berre vore der.  Men, det er jo slikt som ikkje går an.  Og til slutt vert ein kanskje litt blind for folk som fell litt utanfor samfunnet. Ikkje veit eg.

Oslofolk er gode folk, høflege og smilande.  Den einaste gongen eg ikkje var heilt nøgd var då eg vart stoppa av ein selgar  på eit kjøpesenter i sentrum som ville prakke på meg ei salve som visstnok skulle gjere meg både vakker og ven.  Nei takk, sa eg.  Eg har naturleg skjønnhet......  
Men han var jo engelskmann, så han tels ikkje som ein gjennomsnittleg osloborgar.

Eg er glad i Oslo. Vi treng bygda og vi treng Oslo. Og Oslo treng bygda.  Oslo treng at folk kjem frå bygdene for å busetje seg der, besøke og fortelje ut i verda kor fint vi har det i hovudstaden.
Eg er i alle fall klar for ny Osloekspedisjon....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar