..... og eg har nettopp begynt.
Mandelstang har alltid vore min favoritt, så eg tenkte at det skulle eg starte med. Oppskrifta som er i boka er ei bakaroppskrift frå Molnes bakeri i Ålesund. Det skulle mellom anna vere 2 kg sukker og 1 kg margarin, men om ein skulle lage mandelbrød heime, måtte ein dele på ti. Og det gjorde eg. Men, no er det ein gong slik, at baking og dårleg tid høyrer i hop, så deiga vart både tørr og våt ( og eg skulle bli ferdig til Allsang på grensen :D ), så då vart det som det vart. Eg tenkjer som så, at no kan det berre gå ein veg, og at det neppe kan bli verre enn dette. Kakebitane danderte eg i full fart på eit fat med melisglasuren skvettande rundt om.
Minimini likar ikkje lukta av mandelessens, noko som eigentleg er fullt forståeleg. Den inneheld nemleg propylenglykol, noko som i utgangspunktet var propan. Det er eit ikkje-naturleg stoff som vert brukt både i matlaging og i kosmetikk fordi det har gode eigenskapar med tanke på at det er eit godt konserveringsmiddel. Du kan lese meir om propylenglykol her. Det er ikkje farleg i små dosar, men eg ville nok ikkje satt til liv 15-20 flasker av stoffet.
Jess da... i morgon er det fredag og nye moglegheiter for nytt bakverk. Kva eg då skal prøve meg på må småfuglane vite.
Og eg må avslutte med å seie at det dårlege utfallet ikkje var Ta kaka sin feil. Denne gongen var husmora rett og slett ikkje nok nøyen og tolmodig. Skjerpings.
(Men, eg må avslutte igjen med å seie at eg lagde nokre himmelsk gode rundstykke tidlegare i dag.... reknar med at det veg opp : ) )
Viser innlegg med etiketten Takaka. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Takaka. Vis alle innlegg
torsdag 3. juli 2014
Ta kaka
Fyrste innlegg, og kanskje det siste, kven veit. Denne bloggen er mest for kjentfolk, slik at dei kan få følge mitt kakeprosjekt fram mot jul. Planen var at eg skulle lage ei kake kvar dag i sommarferien frå boka Ta kaka som er utgitt av Åse Kongsvik, Kari Støfringdal og Heidi Brunstad-Øyehaug, Selja Forlag., men tida jobba i mot meg, dessutan passa det ikkje med julekaker i juli. Ta kaka er ei kakebok frå Vestlandet, og den tek føre seg kaker og bakverk frå dei enklaste kakene til konditorkaker. Og sidan eg er rimeleg dårleg til å lage kaker, så kan jo dette verte interessant. Feriefolk som stikk innom får smake ( eller kanskje ikkje-det kjem heilt an på resultatet).
I dag skal eg starte med mandelbrød, men utfordringa med å bu her eg bur, er at eg bør han ingrediensane i hus før ein tek til, noko som eg er usikker på om eg har. Men, vi prøvar. Resultatet kjem seinare på kvelden.
I dag skal eg starte med mandelbrød, men utfordringa med å bu her eg bur, er at eg bør han ingrediensane i hus før ein tek til, noko som eg er usikker på om eg har. Men, vi prøvar. Resultatet kjem seinare på kvelden.
Abonner på:
Innlegg (Atom)